Folkemusikk og folkedans i Østfold

Av TONE EIDSVOLD og ODD LUND

Eidsiva fylkeslag av Norges Ungdomslag skipa helga 19. - 21. januar i år (1990) til eit spelemannskurs på Skjeberg folkehøgskole. På dette kurset blei det nytta bare folkemusikkmateriale frå Østfold.

Østfold har lenge vore ein "kvit" flekk på folkemusikkartet, men no ser det ut til å kunne bli gilde fargar her og! Hovudtanken med kurset var difor å freiste få til eit folkemusikkmiljø i Østfold. Bare Østfold og Finnmark fylke står i dag t.d. utan lokallag i Landslaget for spelemenn. Det var difor naudsynt å trekkje inn krefter utanfrå som lærarar. Lærarane var Mari Eggen frå Sør-Fron spelemannslag på fele og Odd Lund frå Østerdølenes spelemannslag på trekkspel. Kurset hadde 8 deltakarar, 4 på fele, 2 på trekkspell og 2 på torader. Dei hadde ulik bakgrunn med omsyn til kunnskap generelt om folkemusikk og av særs ulik alder, men hadde det til felles at dei var ivrige til å spele.

Interessa for å få til eit folkemusikkkmiljø i Østfold har samanhang med at det finst eit relativt solid folkedansmiljø i fylket, med 7-8 leikarringar knytt anten til Norges Ungdomslag eller til Norges Bygdeungdomslag. Dessutan har det den seinare tida dukka opp interessant notestoff som ikkje har vore i bruk på lang tid. Dette er noter på tradisjonell rund-dansmusikk og også ei samling visetonar. Slåttane har vore brukte av spelemenn for om lag 100 år sidan (Martin Bisseberg, Jens og Johan Torp, Jens Fagerli og fleire). Ei viktig kjelde til dette stoffet er bonde og stortingsmann John Solberg, Idd født 1881. Vi har fått dette notestoffet frå Leif Ryan i Halden. Eit par slåttar har vi også nytta frå Jan Elgarhøy si notesamling av dansemusikk frå Østfold. Kor lenge det er sidan dette stoffet var i bruk, veit vi ikkje nøyaktig. Stoffet er elles ukjent for tradisjonssp elemannen Arne Nordskaug, født i Kroer 1926 og nå busett i Hvitsten i Vestby, nabokommune til Østfold.

Arne Nordskaug har vore spelemann heile sitt liv, har spela mykje til dans så vel i Follo som i Østfold. Han kjenner tradisjonsmusikken frå far sin. Dersom dette nemnde Østfoldstoffet hadde vore i bruk i Arne Nordskaug si spelemannstid, ville han utan tvil ha kjent til det.

Arne Nordskaug var "gjesteførelesar" på kurset. Hans levande formidling av musikken sin og sitt liv som spelemann var særs livfullt og inspirerande. Han var også imponert over kor gode slåttane er, så vel dansemessig som musikkmessig. Arne Nordskaug og kona trødde også dansen for oss. Trass i relativt høg alder dansa dei freskt og rytmisk stødt, og det var inga tvil, "polkadansen" deira var klår hamborgarrytme.

Her er det viktig å skyte inn at Norges Ungdomslag same helg og same stad skipa til eit vidaregåande instruktørkurs i folkedans, med 47 deltakarar frå heile austlandet. Det blei difor godt høve til å prøve ut slåttane dans, og det som vi då tydeleg opplevde var at desse Østfoldslåttane er særs god dansemusikk! Så gode at det vil vere leit om dei ikkje blir tatt i aktiv bruk att i eit levande folkemusikkmiljø.

Det finst filma og nedteikna (v/Egil Bakka) nokre runddansvariantar i Østfold. Klara Semb samla i si tid inn nokre små pardansvariantar i Østfold, t.d. Klappdans, Lottistå, Stoppen og Tantoli. I hennar nedteikningar frå 1925 skriv ho at desse dansane var vanleg å sjå rundt på bygdene på den tida. Folkedansarane i fylket freistar nå å ta i bruk desse runddans- og pardansvariantane frå Østfold. Det var difor ei stor oppleving å få danse dei til eige "spelemannslag" med eigen lokal musikk!

På spelemannskurset brukte vi, som nemnd, bare Østfoldstoff. Dette var interessant og inspirerande såvel for kursdeltakarar som for lærarar. Vi hadde fått noter på omlag 20 Østfoldslåttar før kurset, og vi veit at det finst mange fleire nedteikna. Det er viktig å ta dette i bruk att, noko som var meininga med kurset, 7 av desse slåttane blei nytta på kurset, samt ein av Arne Nordskaug sine Follo-slåttar. Dette er vals, reinlender, polka, masurka og springdans. Det finst også nedteikna fleire hallingar.

Deltakarane på spelemannskurset har alt nokre planar for det vidare arbeidet med det mål å skipa til eit spelemannslag. Dette er også nedfelt i Eidsiva fylkeslag sitt arbeidsprogram. Kursgjengen fekk namnet "Eidsiva spelemannslag". Kan hende blir det ei formell skiping av laget i nær framtid, og folkemusikk-Noreg vil få ein kvit flekk mindre på kartet sitt!

Vi takkar såvel Rådet for folkemusikk og folkedans som Østfold fylkeskommune v/Kulturstyret for økonomisk stønad til kurset. Kursdeltakarar, kurslærarar og Eidsiva fylkeslag vil arbeide vidare med tradisjonsmusikken frå Østfold. Vi trur at tradisjonsmusikken og dansen her i Østfolder liv laga!

 

Artikkelen er skrevet av Tone Eidsvold og Odd Lund og ble trykket i SPELEMANNSBLADET i 1990.